Den andre bustadeigedomen, Børnes 2, 134/22, er no innløyst av kommunen. Seljar er Torkel Stensletten. Salssummern er kr. 2,425.000. Det er same summen som vart betalt for nabohuset. Bakgrunnen er at område i framlegg til Detaljregulering for Børnes næringsområde er regulert til næring. I vurderinga vert det lagt vekt på at med tett nærleik til næringsverksemd, er det ikkje tilrådeleg med bustader i dette område. Difor vart det gjort vedtak om innløysing av eigedomane. Hus nr. 1 vart innløyst for to år sidan. No er hus nr. 2 innløyst. Til eigedomen er det eit velhalde hus og garasje. Reguleringsplanen for Børnes Næringsområde er rett nok ikkje vedteken etter det siste avslaget frå Statsforvaltaren, men det vil ikkje ha innverknad på denne innløysinga.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal