Ta turen innom!

Ved hjelp av ein stor dugnadsinnsats er deler av loftet på Gamleskulen gjort om til buldreloft. Chris Fossli og leiaren i klatregruppa i UIL, Emil Stafsnes, har vore to av dei store drivkreftene i dette arbeidet. Resultatet er imponerande!!
Buldring er ei form for innandørs klatresport, og årets norgesmeister i dameklassen, Sunniva Eik Haave, har spreke besteforeldre på Kjerland.
I samband med haustmarknaden er buldreloftet ope mellom kl.11 og 13. Då kan ein få sjå det flotte resultatet av dugnadsarbeidet, og ein får heilt sikkert sjå nokre sprekingar i aktivitet. For dei som vil prøva seg, er også muligheten der.
Eg anbefaler alle å stikka innom! Dette er eit flott tiltak!! Klatregruppa håpar mange stikk innom for å få eit innblikk i kva dei driv med. Det er berre å gå opp trappa i gangen utanfor Kafè Tiaren.

Saman med Emil Stafsnes har Chris Fossli (bildet) vore drivkraft i dugnadsarbeidet med buldreloftet.
Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland