Her kjem eit lite hjartesukk frå vaksinasjonsteamet. Dei som har fått time for dose to av koronavaksinen, må nytta seg av denne. Teamet har fått mange telefonar om å byta vaksinedag, noko som er særs vanskeleg å få organisert.Tal på dosar kommunen får, er utrekna etter kor mange som fekk første dose seks veker før.

Kommunen beklagar eventuelle ulemper dette kan føra til, men håpar mange finn gode løysingar for å kunna stilla på timen ein har fått tilbod om.
Massevaksinering av innbyggjarane inneber mykje logistikk, så vi vonar de vil strekka dykk langt for å møta til oppsett tid.
På førehand, takk!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal