Brannvern i Uskedalen er ei gjengangersak på nettsida. Det siste innlegget om saka går tilbake til 24. april i år då Wermund Vetrhus ( SV ) hadde med bakgrunn i Risiko- og sårbarhetsanalysen ( ROS ) spørsmål til Ordføraren i kommunestyret. I ROS anakysen vart det nytta tal den lokale branntroppen ikkje kjende seg att i. Det går for det meste på definisjonen av utrykningstid/ responstid.

Den nye brannsjefen har varsla at endring i branntrukturen vert sak med det fyrste. Så langt uskedalen.no kjenner til kan det bli alt i kommunestyremøte 31. oktober, då truleg som ei orienteringssak. 

Uskedal bondelag vil på styremøte i måndag ha ei drøfting om status og prosessen vidare. Dei har bedd om at Uskedal Utvikling er med på drøftinga.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto