Branntilsyn i Uskedal kyrkje - alt er på stell.
Kvinnherad Brann og redning saman med tilsette på Kyrkjekontoret har i dag, måndag 25. oktober, hatt brannsyn i Uskedal kyrkje. Det vert gjort når Brann og redning, førebyggjande eining varslar tilsyn. Med frå kyrkjekontoret var kyrkjeverje Torstein Aarthun og kyrkjeplassarbeidar/ kyrkjetenar Helge Furdal. Bilete syner Helge Furdal saman med tilsette i Kvinnherad Brann og redning – førebyggjande eining.
Uskedal kyrkje er kopla opp til Kvinnherad brannvern med varsling. Ved ein alarm går det melding direkte til brannvernet. Varslinga er prøvd og fungerer. Å sjekka naudutgangane er eit fast innslag ved brannsyn. Dei fungerer slik dei skal. Brannsynet omfattar også ovnar og det elektriske anlegget.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Torstein Aarthun