I Kommunestyremøte i kveld vart det orientert om pågåande prosjekt og utbyggingar. Etter siste vedtak om brannstrukturen i Kvinnherad held Uskedalen fram med eigen stasjon. Arbeidstilsynet stiller krav til utforming og funksjon. I Uskedalen treng ein større areal. Ut frå det Kommunedirektøren sa på møte, kan det gå mot ei ombygging av eksisterande stasjon. Dersom det ikkje let seg gjera, må ein sjå seg om etter alternativ tomt for evt. nybygg. Arbeidstilsynet skal uansett godkjenna den løysinga det vert.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal