Brannførebyggjande arbeid er ein viktig del av brannvernet si oppgåve. I denne veka var to tilsette frå Kvinnherad brann og redning på Uskedal skule med eit årleg opplegg for 6. klasse. Etter ein dag med teori var ein på torsdag klar for den praktiske delen med mellom anna bruk av brannsløkkingsapparat mot open eld. Målet er å rusta og gjera elevane trygge i ein kritisk situasjon med brann i heimen og ute i det offentlege rom. Kvar elev fekk prøva å hantera eit brannsløkkingsapparat stegvis slik det er føreskrive på apparatet. 1. Trekk ut sikringspinnen. 2. Rett stråla mot rota av flammen. 3. Klem ned avtrekkaren. Elevane meistra oppgåva bra og flammane vart sløkte ein etter ein.

Ein og ein elev i 6. klasse fekk prøva å sløkkja open eld med brannsløkkingapparat.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal