Det er ikkje berre på Sa´n at uskedølar kan skryta på seg nær slektskap med store fotballtalent. For no kan Rune Nilsen sin son Harald Tangen Nilsen på Viking få selskap i Eliteserien av ein ungdom med røter lengre oppe i Uskedalen. Jesper Nerhus Eikrem – dotterson til pensjonert BT-journalist Åge Magne Nerhus – signerte som 15-åring i vinter proffkontakt med Brann, og debuterte for A-laget ikkje lenge etterpå som ein av Brann-historiens yngste.

Det unge midtbanetalentet er oppvaksen i Fyllingsdalen og kom til Brann-Akademiet frå FK Fyllingsdalen vinteren 2020. Brann sin assistenttrenar Eirik Huseklepp skal ha vore den som såg talentet til den unge fyllingsdølen og opna døra til Brann. Mor Hege Nerhus og far Åge Eikrem (trenar i Fyllingsdalen og eit A-lagsinnhopp for Brann i 1984) har uttalt til Bergens Tidende at Jesper har vore oppteken av fotball nesten sidan han blei fødd. Han har fleire kampar på gutelandslag, og i vinter fekk han vera med Brann sine fremste menn på treningsleir i Spania. I haust har Jesper teke til på idrettsgymnaset som Brann driv i privat regi (NTG, Norges toppidrettsgymnas) på Stadion i Bergen.

Tekst og skjermdump: Ove A. Olderkjær
Nett: Thor Inge Døssland