– Det var overraskande bra deltaking i sykkelrebusen som vi arrangerte 1. mai. Vi hadde jo ikkje nett fullklaff med veret, fortel Solveig Haugland dagen etter arrangementet. Frå deltakarhald har uskedalen.no allereie høyrt svært mange gode tilbakemeldingar. Dette var kjekt både for barn og vaksne; – eit skikkeleg godt tilbod til heile familien. Vi registrerte også at det var ein del familielag som deltok. Bildet over er frå aktiviteten ved skulen.

Frå startområdet

Det var rundt 60 deltakarar i det litt sure veret. Løypa gjekk frå skulen, rundt dalen og tilbake til skulen. På vegen var det 12 postar med kjekke oppgåver, og det galt å komma fram til eit løysningsord ut frå kva dei svara på kvar post. Løysningsordet var KRISTIANSAND.
– Det var veldig mange som synte stor kunnskap på oppgåvene og kom fram til løysningsordet, fortel Solveig Haugland og føyer til. – Blant desse trekte vi ut tre premievinnarar som fekk flotte premiar. I den samanheng vil vi retta ei stor takk til Spar Uskedalen, Gros Blomster, Uskedal Utvikling og Byggeriet/Kvinnherad Vekst som bidrog med desse flotte premiane.

Posten oppanfor Djupehølen.

I målområdet ved skulen var det ulike aktivitetar, salg av kaffi, saft og eit godt utvalg av heimebakst i tillegg til premieutdelinga.
– Vi er svært fornøgde med arrangementet og håpar at vi kan få til noko liknande neste år. Kanskje vi skal få til ei litt kortare barneløype og? avsluttar alltid positive Solveig Haugland på vegne av arrangørane.

Veslemøy Haugland og resten av arrangørane hadde mykje godt bakverk å by på.
Fristande heimebakst!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Solveig Haugland