Kvinnherad Næringsservice har no nominert kandidatane som skal kjempa om å bli årets bedrift i Kvinnherad 2026. Etter at nominasjonsrunden no er ferdig, står kampen om gjæve prisen mellom 7 firma. Mellom dei er entreprenørfirma Br. Musland Maskin AS her frå Uskedalen. Det er nok inga overrasking at dei er blant dei utvalde, for gjennom dei seinare åra har det vore særs mange lovord å høyra om arbeidet som dette firmaet utfører.

Kandidatane til Årets Bedrift 2026

Konkurransen om å nå heilt til topps blir hard, men det er i alle fall sikkert at det blir eitt av desse 7 firma:

  • Frøystein Reime Gård
  • Norwater AS
  • Sau & Sånt AS
  • O. Jacobsen Trelast AS, Monter
  • S. Rødsten Bilforretning AS
  • Byggservice AS
  • Br. Musland Maskin AS

Prisen blir delt ut under Kvinnheradkonferansen som blir arrangert i Halsnøy Kulturhus 1. oktober.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Kjelde og foto: Kvinnheringen