Viss de høyrer nokon bankar på døra eller i veggene, må de for alt i verda opna. Då kan det vera storfint julebesøk på gong. Børsdalsnissen er nemleg på farten, slik han alltid er på julaftan. Han er observert både på Neset, i Beinavikjo og i Korsneset. Om han har tid og kapasitet til andre deler av bygda, veit vi ikkje.
Det var eit svært hyggeleg besøk av denne berømte nissen som slett ikkje er nokon “kunstig” nisse med maske og den slags. Nei, Børsdalsnissen er heilt naturleg og treng ikkje kle seg med slike ting. Gåver hadde han også med i sekken sin.
Nissen hadde det svært travelt då han forlet Korsneset. Kor han dukka opp etter det, fekk vi ikkje vita.
Vi ønskjer Børsdalsnissen eit riktig god jul, og takkar for det viktige og tradisjonsrike innslaget i julefeiringa.

Kjekt Julaftan-besøk.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Knut Gilberto Sæbø/Thor Inge Døssland