Tømmerutskipinga over Børneskaien er i full gang. Det har alt gått fleire skipslaster frå kaien som sidan våren 2020 har vorte opprusta. Arbeidet med ny kai gjeld den kommunale delen. Det er Kvinnherad kommune og Søre Kvinnherad Skoeigarlag som eig kvar sin del av kaien. Den renoverte delen har ein kapasitet på 2.500 kubikkmeter. Det er estimert ei total utskiping på 25.000 kubikkmeter tømmer til norske og utanlandsk skogindustri. Det er Austefjord som står for transporten frå skogeigar og hogstfeltet fram til Børneset. Arriva Shipping er ein av fleire transportørar på sjøen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal