For opplæring og for å vekkja interessa for fiske, kan born og ungdom under 16 år fiska gratis i Uskedalselva. Det er ein føresetnad at ein løyser Uskedalskortet. Det er eit eingongskjøp og kostar kr. 100,-. Alle uansett alder skal ha Uskedalskortet og vera registrert for fiske i elva. Uskedalskortet gjeld for fiskesesongen og inntekta går til lokal drift og forvaltning. Trond Lekva Myklebust i Uskedal Elveforvaltning er godt nøgd med ordninga. Han understrekar at alle, også dei under 16 år, skal retta seg etter fiskereglane som gjeld for Uskedalen. Gutane på bilete kjem frå Husnes. Dei var i fylgje med vaksne.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal