Boksalg på SPAR på laurdag.
Salget av den tredje boka i serien “Den nære fortida” går verkeleg unna. Laurdag er historielaget på plass på SPAR og sel alle 3 bøkene i serien som er komne til no. Det er få att av bok 1. Viss nokon ønskjer helsing i boka si, blir det også ordna.
Boka er også i salg hos bokhandlane i Rosendal og på Husnes. Bøkene kan også enkelt kjøpast direkte ved å kontakta skriftstyret (mobil 932 88 237 eller messenger) Prisen er 300,- og betaling ved vipps 76 38 03, til konto 3207.37.52026 eller kontantar.
Historielaget sender også boka/bøkene. Då må ein hugsa fullstendig adresse som melding med betalinga. Visst boka/bøkene skal sendast, kostar det samla 90 kr ekstra, uavhengig om det er ei eller fleire bøker.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto frå boksleppet i Helgheim