
Boksalg på Spar fredag og laurdag.
Fredag kl.15-17 og laurdag kl.10.30-13 vil historielaget vera på plass på Spar Uskedalen. Då kan ein henta førehandskjøpte bøker, og i tillegg blir det salg av alle tre bøkene i serien “Den nære fortida”. Betaling med vipps eller kontantar.
Dei som ikkje har høve til å møta der, kan kjøpa boka ved å betala for boka enten med vipps eller innbetaling til konto i bank. Då må ein hugsa skriva kva bok/bøker det gjeld. Vi kan avtala overlevering når det passar. Bokprisen er 300 kr. Vippsnr. er 76 38 03 og kontonr. til Uskedal Historielag er 3207.37.52026.
Viss ein ønskjer boka/bøkene tilsendt, går det fint. Då betaler ein på same måte og skriv i tillegg fullstendig adresse. Desse må betala eit ekspedisjonstillegg på 90 kr i tillegg.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland