Ein bokpakke sendt med Posten frå Uskedalen til Nesttun ved Bergen kom fram etter 10 døger. For 50 år sidan ville den same pakken vore framme på under eit døgn. Lenge trudde avsendaren at boka, sendt utan sporing, var komen vekk på vegen frå Uskedalen til Sanddalsvegen på Nesttun. Men som sagt: Etter 10 døger var boka framme til glede for lesarane. Til samanlikning kan vi ta med at post på Postvegen frå 1750 talet og framover mellom Stavanger og Bergen ville vore framme på 36 timar. Ofte tok det noko lenger tid.

Harald Sætre fortel at med postførande rutebåtar hadde boka vore framme på under eit døger. Med MS SUNNHORDLAND i snøggruta Bergen – Sunnhordland gjekk posten til Leirvik for sortering og vidare til Kvinnherad med ferje. Tidlegare postfunksjonær Eli Roseth Eik hugsar at i hennar tid kom posten med bil til Leirvik på natta, for sortering og vidare til Sunde med fyrste ferja med avgang i 06 tida. Post frå Kvinnherad til Bergen gjekk med postbil kvar dag ved stengetid, til Leirvik og vidare til Bergen på natta. Posten vart sortert og sendt ut til bydelane alt same dagen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal