Frå neste veke er bokbussen ute og rullar igjen. Rutetiden for besøk er stort sett like som i vår, og ingen endringar berører Uskedalen. Første besøk blir ved Grano førstkommande mandag kl.16.50 – 17.15. På denne tida vil bokbussen vera ved Grano kvar mandag. I tillegg besøker det rullande biblioteket Uskedal Oppvekstsenter to mimar om lag annakvar tirsdag, og dessutan er dei hos Dønhaug gardsbarnehage om lag ein fredag kvar månad. Kvinnherad biblitek understrekar at alle som besøker bokbussen må følgja smittevernreglane som gjeld i den samanhengen.

Smittevernet på bussen kan samanfattast i desse punkta

  • Alle som besøker bokbussen, må vere friske og utan symptom på Covid-19.
  • Avstand: minimum 1 meter.
  • Personalet på bokbussen må halde avstand til brukarane.
  • Alle må vaske seg med antibac når dei kjem inn i bussen.
  • Max 4 personar på besøk i bussen samtidig.
  • Max 10 minutt besøk pr. gruppe.
  • Ta på minst mogeleg, bruk augene først.
  • Skulane må organisere gruppene sjølve.

Personalet på bokbussen fører protokoll over kven som besøker bokbussen.

  • Kontaktflater vert reingjort av personalet på bokbussen.

Heile bokbussruta og meir info om bokbussen finn de på Kvinnherad bibliotek si heimeside.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå biblioteket si heimeside.