Bokbua på Sanden er opna for sesongen.
Den vesle raudmåla bokbua på kaien er opna for sesongen. Det er eit gratis tilbod der du fritt kan henta deg bøker, lesa, låna vidare eller behalda. Du kan også ta med bøker og setja i hylla. Mottoet er: Ta ei bok – les ei bok – behald ei bok – set inn ei bok. Mange, særleg camping- og båtturistar, set pris på dette tiltaket. Det gjeld også fastbuande. Velkomne til bokbua på Sandakaien.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal