Artiklar og bilde levert til grafikar i dag.

Arbeidet med bok nr. 2 i den lokalhistoriske uskedalsserien “Den nære fortida” går heilt etter planen. Siste tida har skriftstyret vore travelt oppteke med korrekturlesing, skriving av bilettekstar og annan finpuss. I dag blei resultatet av dette arbeidet overlevert til Åslaug Snilstveit i Salikat Design i eit møte der skriftstyret var representert ved Svein Rimestad, Astrid Haugland og Thor Inge Døssland. Til saman utgjorde materialet 23 artiklar i tillegg til rundt 200 bilete med bilettekstar som det skal gjerast eit utvalg av. Dette blei gjennomgått saman med Åslaug Snilstveit.
Sidan vi har fått spørsmål, nemner vi at alt arbeid til no sjølvsagt er gjort på dugnad av skriftstyret og andre. Dette året blir det nokre nye artikkelforfattarar, og i tillegg teiknar boka til å bli på nokre fleire sider enn i fjor.

Som i fjor er det altså Åslaug Snilstveit i Salikat som skal produsera boka. Dette er skriftstyret svært glade for då dei var særs godt fornøgde både med samarbeidet og resultatet med første boka. Gevinsten med samarbeid lokalt blei svært tydeleg. Trykkeriet i fjor gjorde også ein god jobb så dermed blir også denne boka trykt hos Renessanse Media.

Neste steg er at det blir oppstart av førehandsalg av boka frå siste del av august. Dette vil, saman med fjorårssalget, gje skriftstyret ein indikator på kor stort opplag som bør trykkjast. I tillegg er alle som førehandskjøper, sjølvsagt sikra boka. Ved førehandskjøp blir det også redusert pris, minus 50 kr. I tillegg vil betalande medlemmer i Uskedal Historielag få ytterlegare avslag på 50 kr på ei bok. Dermed kan ein sikra seg boka for 200,- kr. Ordinær pris er 300,- kr, det same som i fjor. Meir info om førehandskjøp kjem i august.

Dei som ønskje å teikna seg som medlemmer i Uskedal Historielag kan betala inn 200,-kr til konto 3207.37.52026 eller vipps 76 38 03 og merka betalinga “Medlem”.

Arbeidet med bok nr. 3 som kjem ut i 2024, er godt i gong. Vi håpar stadig at fleire sender oss bilde og tips til kva vi bør skriva om. Vi er sikker på at det er mange gode bilde som ligg rundt i heimane. Vi ønskjer å låna dei. Sist veke fekk vi fleire forsendingar både til årets bok og anna. Eit av bildet gav støtet til ein artikkel som alt er påbegynt, og som truleg kjem i 2024. Skriftstyret trur til og med den blir veldig kjekk. Derfor oppfordrar vi alle til å senda oss bilde!!

Vi oppfordrar også til å lika sida vår på facebook og invitera venner med interesse for arbeidet til å lika den. Til no har 630 meldt seg. På denne sida kjem mykje informasjon framover.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland