
Bok 1 er utseld - pakketilbod på bok 2 og 3.
Bok 1 av Uskedalsserien “Den nære fortida” er no utseld. (dvs det kan vera 1 bok igjen på Rabben Feriesenter.). Bok 2 og 3 har også selt særs bra, men det er framleis ein del av desse bøkene igjen. Prisen er som før 300 pr bok, men historielaget lanserer no ein ny tilbodspakke.
Ved kjøp av både bok 2 og 3, får ein dei samla for 500 kr ved kjøp på Rabben Feriesenter, SPAR Uskedalen og hos skriftstyret (932 88 237 eller uhl.skrivar@gmail.com). Betaling med Vipps til 76 38 03. Hugs å skriva kva bøker betalinga gjeld. Ved sending kjem 90 kr i tillegg.
Tekst/foto: Uskedal Historielag Nett: Kristian Bringedal