Bodgan Yevchuk og kona Svitlana, begge frå Ukraina, budde om lag 10 år i Kvinnherad, det meste av tida i Ospelunden her i Uskedalen. Mange kvinnheringar blei kjende med det hyggelege paret som i tida i Uskedalen fekk to born. Bodgan var også ei tid med i styret i Uskedal Idrettslag.
Paret flytta i fjor til Oslo, og dei trivest godt her i landet, men no er sjølvsagt livet deira sterkt prega av det som skjer i heimlandet deira, Ukraina.
For å støtta folket sitt i heimlandet har Bodgan starta pengeinnsamling på Spleis.no. Den heiter “Hjelp Ukraina og støtt det ukrainske militæret og frivillige.” De kan lesa om spleisen og støtta den ved å klikka HER.

Til no er det komme inn vel 21.000 kr på innsamlinga. Det er viktig at hjelpa kjem fram fort, og derfor er det kort frist på Spleisen. Den går berre to dagar til. Derfor oppfordrar vi om at folk går inn og gir hjelp allereie i dag.

Bodgan Yevchuk starta først ei innsamling på facebook. Han blei overraska då han såg den gode responsen. Ingeniøren som framleis jobbar for Norwater AS i Høylandsbygd via heimekontor, starta derfor spleisen for å nå ut til fleire.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat