Blinkskot av eit arrangement då Julagrano blei tent.
Yrande liv i sentrum av bygda.
Fredag blei Julagrano tend, så no lyser det praktfulle juletreet til glede for alle som ser den. Det er tydeleg at den betyr mykje i førjulstida, og den store folketilstrøyminga viser tydeleg at det ikkje berre er uskedelingane som har glede av den.
I det vakre vinterveret var det stor tilstrøyming frå nabobygdene, og mange meinte at det i år var rekordoppmøte. Uskedal Utvikling hadde sydd saman eit særdeles kjekt arrangement med området rundt Gamleskulen som hovudbase med forgreiningar til kyrkja, Rabben Feriesenter og Spar-butikken. Denne ramma skapte ein særs god førjulsstemning, og i det fine veret var det koseleg for dei frammøtte å vandra mellom dei ulike tilboda.




Det heile starta med grautsalg oppe i Gamleskulen medan russen ordna med kakekafè i kjellaren. Underteikna vart overraska over den store tilstrøyminga alt frå det starta klokka fire. Pålitelege kjelder kunne fortelja at det var gått ut 50 porsjonar med graut allereie etter 20 minutt.
Klokka 16.45 starta musikklaget med julemusikk, og presis kl. 17 blei Grano tend før musikkgjengen fortsette med Det lyser i stille grender og eit par julsongar til. Då var også Børsdalsnissen på plass, og det krydde med små og store på den gamle skuleplassen som no er parkeringsplass. Etter dette var Børsdalsnissen innom begge etasjane i Gamleskulen der det var stappfullt med folk. Børsdalsnissen hadde med både tresko og kjevle som han brukte i samtalen med barna. Han song, og han leikte og spela piano. Jammen er vi heldige i Uskedalen som har ein så flink og snill nisse! Han er så glad i Uskedalen at vi kan håpa at han dukkar opp fleire gonger no fram mot jul. Eg trur nok mange kjende han igjen frå i fjor, sjølv om eg syns at skjegget hans hadde vakse.





Underteikna er som kjent utøvande tubaist i musikklaget så han fekk ikkje med seg alt, men han er glad for at han fekk tid til å ta turen både innom Rabben Feriesenter, Spar og kyrkja. Det gjorde mange andre og. I kyrkja vart det talt til 110 frammøtte, og dei fekk oppleva konsert med Singing Tweens. Det var annonsert som minikonsert, men for meg var det ein stor konsert. Borna hadde eit stort repertoar og song av full hals. Knallbra. Etter konserten var det engleverkstad der borna fekk laga ullenglar.




Etter å ha vore i kyrkja tutla eg heimover. Veldig fornøgd med det eg hadde opplevd. Vakrare førjulsarrangement skal det godt gjerast å skapa. Applaus til alle involverte! Nokre bilde fekk eg tatt, men dei er langt frå dekkande. Sjølvaste Julagrano gløymde eg. De får ta turen og nyta synet!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland