I ettermiddag trefte eg fem blide jenter som hadde rigga seg til med julebutikk utanfor Spar på Sanden. Dei baud på fine ting som dei hadde laga, gode julekjeks, gløgg og kakao. Av tinga dei hadde laga var det fine pyntekransar, nydelege vinterbilde og flotte dekorerte stikkedåsar. I tillegg selde dei også kristorn som er noko som verkeleg høyrer jula til. Juleduken var på plass på bordet der dei hadde tinga utstilt. Koseleg! På bildet over ser vi dei 5 jentene: Martine(f.v.), Kaylah, Frøy, Ebba og Angelica.

Dei fortalde at det var ei av dei 5 jentene som hadde komme på idèen som dei andre slutta opp om. Noko hadde dei laga på skulen, men mesteparten av produksjonen hadde blitt gjort på heimebane. Ei av dei hadde fått med seg bestemora til baking av julekjeksa. Læraren deira, Tanja Bringedal, var nedom Spar då eg var der, men ho ville ikkje ha noko av æra for tiltaket. Dette var fullt og heilt eit elevinitiativ.

Inntekta frå julebutikken skal gå til klassetur for elevane som no er halvvegs i siste året på Uskedal skule. Dei var godt fornøgde med salget og hadde hatt mange kjekke kundar, kunne dei fortelja. Ja, dei var så fornøgde at dei antyda at dei ville produsera meir og ha fleire dagar med julebutikk ved Spar.

Eit svært koseleg førjulstiltak er det med snille prisar.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland