Dei byr på både quiz, konsert og førjulskos i Helgheim.

Onsdag denne veka slår Uskedal Skulemusikk til med eit skikkeleg familiearrangement no i førjulstida. Det føregår i Helgheim og begynner kl.17.30. Dei hadde eit liknande arrangement i fjor, og det var kjempekoseleg.
Det startar med quizen. Korpset eller enkeltmusikarar spelar nokre få tonar av kjende songar, og så skal deltakarane rundt småborda skriva kva songar dei trur det er på utdelte svarark. Når dei har vore gjennom dei 13-14 oppgåvene, blir det ein 10 minuttars pause medan svararka blir retta. Då kan deltakarane drøsa og kosa seg med kaffi, saft og litt å bita i.
Deretter får vi fasiten. Då blir det nemleg ei kosertavdeling der korpset og enkeltmusikarane spelar heile songane.
Dette blir skikkeleg familieunderhaldning og bør bli ei spennande og stemningsfull samkome no i førjulstida.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto