Trommis, låtskrivar og vokalist Bjørn Moe frå Odda/Uskedalen er ute med ny singel. På singelen med tittelen Fortuneteller skriv og syng Bjørn om å finna heim, om å gjenoppdaga det vi har mista av syne, fysisk og mentalt. Det handlar om nære ting som identitet, håp og det å høyra til.

 
Ærleg og sårbar vokal, hypnotiske trommer og sofistikerte gitartonar har blitt noko av Bjørn Moe sine kjenneteign i låtskriving. Dette kjem klart fram i låten «Fortuneteller». Det er den perfekte låten du set på når du er i eit melankolsk humør, gjerne på veg heim.

 
I haust er det sett opp releasekonsertar i Porsgrunn, Bergen, Stord og Odda med Bjørn Moe og bandet.  

TEKNISK INFO:

Artist: Bjørn Moe

Låtnavn: Fortuneteller

Releasedato: 29 mai 2026

Komponist: Bjørn Moe

Tekstforfatter: Bjørn Moe

Produsent: Bjørn Moe

Label: Moe Music

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Kjelde/foto: Pressemelding