Bjørn Moe som bur i Finckelsen-huset i nedre Halsabråtet, er ein svært dyktig musikar. I meir enn 30 år har han jobba som musikar i mange ulike band og settingar. Trommer har heile tida vore instrumentet hans. Likevel er det først no at 55-åringen debuterer med å gi ut eigen musikk. Fredag blei den nydelege singelen “The Book” sleppt, og tilbakemeldingane har alt vore mange og gode til debutanten. Og han har meir godsaker på lager. Moe har stoff til eit album klart for utgiving om ikkje lenge. Det er tydeleg at det blir jobba godt og kreativt på arbeidsrommet hans på “Trommeloftet” på garasjen i Nedre Halsabråtet. Over ser vi coveret til singelen. Det er laga av kona til musikaren, Monica Hansen. Ho er grafisk designar og driv firmaet Mokka Design.

Når den rutinerte trommisen slepp debutlåten sin “The Book”, debuterer han som songar, låtskrivar og tekstforfattar. Han har laga ein nydeleg låt der han poetisk fortel om at kjærleikens vei kan vera både kronglete og vanskeleg å forutsei. Det er ein melankolsk og litt sår låt som antyder ei viss livserfaring, men den endar likevel opp som ein hyllest til kjærleiken som vi alle higar etter, uansett alder, heiter det mellom anna i pressemeldinga som er sendt ut i samband med låtsleppet.
Bjørn Moe og kona flytta til Uskedalen i april 2019, og han understrekar den betydningen som bygda og omgivelsane har hatt som inspirasjon i arbeidet med å laga sin eigen musikk.

Den rutinerte trommisen Bjørn Moe debuterer no som songar, låtskrivar og tekstforfattar med singelen The Book.(Foto: Tor Helge Øygarden)

Sjølv om Bjørn Moe har spela trommer mest heile livet, er trommer ironisk nok heilt fråverande på debutlåten hans. Med si behagelege og gode barytonstemme tar han lyttarane med inn i den nydelege låten berre understøtta av flygel, akustisk gitar og fin koring. Han har hjelp av Lars Hammersland på flygel, Tore Kvalvik på akustisk gitar og unge, lokale og talentfulle Nanna Sofie Fredheim som bidrar med flott koring. Innspelinga er gjort i Demningen Studio på Sotra med Eirik Grønner som produsent.

Låten kan høyrast både på Spotify og fleire andre strøymetenester, og ved å klikka på denne songlinken HER, kan de velja kva streaming de vil bruka. Eg seier berre len dåke tilbake og nyt låten!

Det har allereie blitt mykje oppmerksomhet rundt at den rutinerte musikaren, som opprinneleg kjem frå Odda, no endeleg har debutert. Allereie fredag blei låten spelt i Radio Os sitt program Musikknytt. Der blir den også spelt lørdag kl.17 og søndag kl.19. Måndag blir debutanten intervjua av Radio Folgefonn, og neste torsdag veit vi han blir å høyra i NRK Vestland si morgonsending kl.08.30. Utgjevinga er blitt omtala i fleire aviser.

Bjørn har allereie fått svært mange kjekke tilbakemeldingar. Berre på facebooksida(Bjørn Moe official) hadde han fredag kveld fått godt over 150 meldingar som må vera gode å ta med seg sjølv for ein erfaren debutant. Her er eit lite knippe:
“Dette greip tak i meg fra første strofe😭😍❤️🎶🎶Og så den stemmen!! wow! Nydelig 👌👌🎶❤️
” Woow vakkert Bjørn👏🤩 Gleder meg til fortsettelsen🤗 Luring du😃 Du er ikkje bare dyktig trommis jo. For ei stemma!”
“En sterk melodi, god tekst og flott vocal👏👏👏🎤gleder meg til fortsettelsen”.

Og vi kan verkeleg gleda oss til fortsettelsen. “The Book” er berre den første av fire singlar som kjem ut før debutalbumet blir sleppt våren 2022. Då håpar vi det blir konsert i samband med lanseringa. Kanskje i Dønhaugkjedlaren eller på Perla?? Ja, kanskje han til og med kan bli å høyra på Festidalen 2022?

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Tor Helge Øygarden