Billettsalet til påskedansen onsdag før skjærtorsdag med Gunslingers på Dønhaug er i full gang. Det vert som i fjor. Alle billettane vert selde på nettet. Til vanleg går alle billettane ut i god tid før påske. Det vert ikkje sal av billetta ved inngangen. Det vert leigd inn vakter frå vaktselskap i tillegg til frivillige som hjleper til med andre førefallande oppgåver. Til dei som har tenkt seg på påskedans i Uskedalen, ver rask med å sikra deg ein plass. Oppdatering: Magne Huglen melder i dag, måndag 6. februar, at meir enn halvparten av billettane alt er selde. Det er lagt ut i underkant av 500 billettar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Pressefoto