Førjulstida og juletida er forbunde med mykje lys både ute og inne. I dei seinare åra har mange gått meir og meir over til både kubbelys, telys og andre lys som er batteridrivne. Såleis er det toppårstid for batteriforbruk.
Ein lesar har teke kontakt med oss for å fortelja ei historie som viser at det slett ikkje er dei dyraste batterimerka som treng ha lengst levetid.
I fjor kjøpte han, litt skeptisk, billege First Price-batteri for ha i ei utelykt. Lykta hadde timer slik at den lyste 8 timar kvart døgn. Lesaren var svært fornøgd då dei billege batteria varte heile sesongen. Men meir skulle det bli.

Ut på etterjulsvinteren tok han lykta inn på eit lagringsrom. Dette skjedde på dagtid så lyset var utkopla.
Ei tid etter på var han innom rommet på kveldstid, og der stod jammen lykta og lyste så flott. Han tenkte: “La den lysa. Eg må jo kjøpa nye batteri neste år uansett”. Slik fortsette det. Kvar gong han var innom rommet på kveldstid, stod lykta alltid og lyste så vakkert.

Då lykta blei sett ut til advent i år, slo lyset seg på i halvfemtida akkurat som i fjor.
Lykta har lyst i 8 timar kvart døgn i eit heilt år. Dermed har batteria vart i minst 2920 timar, og har framleis ikkje gitt seg.

Underteikna har lite peiling på slikt, men det må ver vera bra. Billig er det i allefall i ei tid med knalldyr straum!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat