Invitasjonen under gjeld for to grupper, ei kl. 17 og ei kl. 18.30. Den fyrste samlinga er for 7 og 8 åringane og vert kalla Biblobygg. Den andre gruppa er 9 og 10 åringane. Det er ei Tårnagentsamling. Invitasjonen frå kyrkja er ein del av Trusopplæringsprogrammet. Frist for påmelding er 18. mai. Les meir om kva dette går ut på.

Gruppe 1: Du er invitert til samling i Uskedal kyrkje, torsdag 20.mai kl.17.00 – 18.00.
Det er lenge sidan vi har hatt samling i trusopplæringa. Det er på grunn av Korona. Tida er enno usikker så det kan bli avlyst, men vi vil invitera deg til å høyra ei bibelforteljing, tenna lys, leika og du vil få med ditt eige byggesett heim etterpå. Det er gratis å delta. Påmelding: www.kvinnherad.kyrkja.no Frist: tirsdag 18.mai. Husk å skriv opp namna på dei som kjem, slik at vi har det til
registrereinga.


Dersom du ikkje har høve til å koma
på denne samlinga, kan du likevel få
Biblo pakken ved å ta kontakt med
kyrkjekontoret.

Gruppe 2: Bli med på Tårnagent samling. Du er invitert til Tårnagent samling i Uskedal kyrkje, 20.05 Kl 18.30-19.30. Det er lenge sidan vi har hatt samling i trusopplæringa. Det er Korona. Tida er enno usikker så det kan bli avlyst, men vi vil invitera deg til å høyra ei bibelforteljing, tenna lys, leika og finna ut kva skattar vi kan finna i kyrkja. Den store kyrkjeklokka tar vi også ein kikk på.


Vi inviterer alle som blir 9 i år (fødd 2012) og 10 år iår (fødd 2011)
til å vere Tårnagent i kyrkja! Du vert betre kjend med både kyrkja
og Bibelen. Du får høyra om pinse. Du vil få med deg ei bok heim som
heiter «Skatten i Liljedalen». Det er gratis å delta.

Påmelding: www.kvinnherad.kyrkja.no Frist: tirsdag 18.mai

Helsing
Oddbjørg Heimark

Tekst: Kyrkja i Kvinnherad
Foto/nett: Kristian Bringedal