
Berre ein halv time mellom hurtigruteskipa MAUD og OTTO SVERDRUP.
Det var stor cruisebåttrafikk gjennom Storsund i dag. På natta kom MS MAUD til Rosendal. Nøyaktig kl. 08.00 etter oppsett seglingsplan kom MS OTTO SVERDRUP inn Gavelen og la seg til på Skålavikjo. I 17 tida var det avgang, fyrst MAUD og berre ein halv time etter kom OTTO SVERDRUP. Dei mest interesserte venta på det ideelle motivet med begge skipa i Gavelen på same tid. Slik gjekk det ikkje. Nokre timar før det gjekk MS SUNNHORDLAND på ut etter ein rundttur i Sunnhordland. Neste desitnasjon for MAUD er Farsund. OTTO SVERDRUP er ferdig med nok eit cruise på norskekysten. No er de byte av cruisegjester i Hamburg. Så er skipet tilbake i Rosendal 14. september. Bilete på topp syner då tidlegare hurtigruteskip OTTO SVERDRUP vert helsa med Kongens flagg kl. 08.00.

Tekst/foto: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Gunnlaug Eik