Vidar Haugland skriv dette innlegget der han beklagar ATV køyring på fjellet i samband med transport av tømmer fram til hytta deira ved Mannsvatn. Han skriv:

Eg har ei orsaking å kome med. Hytta vår ved Mannsvatn er sett opp av amatørar, og vi må medgi at resultatet har blitt deretter. Etter 20 år har noko av tømmeret råtna, så delar av hytta må skiftast. I helga køyrde vi opp mykje material og utstyr med ATV og hengar, og eg er veldig lei meg for at vi lagde til dels stygge spor i naturen som ikkje vil jamna seg ut på nokre år. Det er kome klage på øydeleggjingane, og det forstår eg. Det ser ikkje fint ut. Motoriserte køyretøy i fjellheimen er ein uting som skaper både støy og naturskader, og vi valde dessverre å nytte ATV-en fordi det var mykje å bere. Beklager igjen.

Vidar

Tekst: Vidar Haugland
Nett: Kristian Bringedal