Det er noko spesielt med basar. Det fekk vi klart sjå og høyra då Uskedal Bedehusforsamling hadde sin årlege basar i dag, laurdag 23. oktober. Mykje folk var samla og det frå ulike bygder. Målet er inntekter som er med og sikrar drifta av bedehuset slik at ein kan halda fram med møte og aktivtetar for born og vaksne. I 2020 gav bedehusbasaren ei innkoma på kr. 41.779,-. Då var det koronatid. I år er ein tilbake til tradisjonell basar med åresal og trekking frå bøker.

Bedehusbasaren har alltid god støtte med mange fine gevinstar.

Bedehusbasaren er i år ein del av ei møteveke, frå torsdag til og med sundag. Det har vore bibeltimar, forsamlingmøte, song og musikk. Knut Olav Myklebust og Tor Håkon Haugland leia basaren. Trekkinga er digital, men den gamle nummerkassen vart synt fram. Det er fire omgangar med åresal og ein kan betala anten med vipps eller med kontantar. Gevinstbordet er overveldande, alt innkome som gåver frå lokalt næringsliv og trugne vener frå fjern og nær.

Audun Hjellvik og Johan Evensen frå Vestlandske Indremisjonsforbund har vore talarar på møtekveldane på Bedehuset denne veka.

Knut Olav Myklebust er takksam for all støtte. Det er utført mykje godt arbeid med Uskedal Bedehus dei siste åra, slik som nytt golv, utbetring av taket på oppsida, installasjon av ny varmepumpe og elles tekniske forbetringar. Det meste av arbeidet er gjort på dugnad.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal