Det har den siste tida vore litt festing og attlate bos/søppel i lavvoen på Skårhaug. Det er mellom anna sett inn eit salongbord, som sjølvsagt ikkje høyrer heime i ein lavvo. Lavvoen på Skårhaug skal i utgangspunktet vera open for alle med interesse for turgåing og friluftsliv. Barnehagen og skulen har fyrsteprioritet. No bed Friluftslaget om at salongbordet vert henta og at det vert slutt på festing og uønska åtferd i lavvoen.

Det var barnehagen i samarbeid med Uskedal Utvikling og Uskedal Friluftslag som i si tid fekk laga lavvoen. Knut Johannes Ripel var eldsjela og ein føregangsmann. Barnehagen og skulen er faste brukarar. Tanken er at lavvoen skal vera open for alle, noko som stort sett har fungert fint. No kan det vera aktuelt med nøkkelboks og kode.

Område vil få auka bruk no når Friluftslaget lettar tilkomsten med turvegar frå Stemneplassen mot toppen på Skårhaug. Etter synfaring er det gjort eit traseval. Målet er at ein skal kunna ta seg fram med barnevogn og evt. rullator.

I lavvoen er det faste benker, ved og ovn. Ein må vera særleg varsam med fyring og evt. grilling ute.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal