Den femte sommarleiren Basecamp Kvinnherad med 22 deltakarar er gjennomført i regi av Friluftsrådet Vest og med mellom anna Veslemøy Haugland, Solveig Haugland og Chris Fossli frå Uskedalen som instruktørar. Aktivitetane har vore klatring, kajakk, padling og ei form for elverafting. Ansvarleg leiar er Sverre Myklebust. Den sosiale sida med å samla ungdomen kring ulike friluftsaktivitetar er viktig. Difor vert det alltid lagt opp til grilling, bading og det å rigga seg til og bu i teltleir. Basen er Uskedal skule, Stølavikjo og Aktivitetshuset. Instruktørane er godt nøgde med samlinga. Basecamp Kvinnherad er på mange måtar eit alternativt tilbod til fotballskulane. I løpet av dei fem åra har basecampen skaffa seg mykje utstyr. Utstyrpakken kjem vel med for å halda oppe aktivitetane.

Innføring og førebuing til padling.
“Elverafting” i Uskedalselva.
Grilling og sosiale aktivitetar høyrer med på ein sommarleir.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Veslemøy Haugland