Alle med vinnarlukke kan no gle seg til basar på bedehuset, laurdag 17. oktober kl 15! Då vert det åresalg og spennande trekning av mange flotte gevinstar. Vinnarlukke eller ikkje: alle går berika heim etter basaren, etter å høyrt den glade bodskapen evangelistane Marit Stokken Berland, Jarle Berland og Bjørg Marit Notland vil dela med oss.

Marit, Jarle og Bjørg Marit vert med oss allerede frå onsdag, med møter kl 19 kvar kveld. Dei avsluttar møteveka med søndagsmøte kl 11. Marit er den eine halvparten av duoen Marit og Irene, som har reist land og strand i mange år, og delt evangeliet om verdens frelsar gjennom sang og tale. Då dei besøkte Uskedalen i 2012, kom mange for å høyra, og dei vart verande i vekesvis å forkynne. No har Marit med seg ektemannen og Bjørg Marit, håpar mange nyttar høve også denne gangen. Alle er hjartleg velkomne!

 Foto: Pressefoto
 Tekst/Nett: Asgeir Hjelmeland