Sundag 22.januar kl 16.00, skipar vi til ein god gamaldags basar i Haugland- og Musland sitt grendahus, Vonheim. Basaren vert gjennomført med treårar, lynlotteri og basarbok. Om de ynskjer å ta lodd i basarboka på førehand, så kan de vippsa til 692914 og senda ein sms til Møyfrid om dette på tlf. 90606517. Vi har allereie mange flotte gevinstar, men vi mottek gjerne fleire med stor takk ! Det vert servering av kaffi og heimabakst. Det er gratis. Vi ynskjer små og store, hjarteleg velkomne til ein koseleg ettermiddag “oppe i dalen” . Inntekta går til drift og vidare arbeid med forsamlinghuset Vonheim.

Bregdaband for herrebunad er ein av dei mange gevinstane.


Helsing

Styret for Vonheim

Tekst/foto: Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal