Arrangementet er på Flåtene.

Etter nokre år med pandemi-pause ynskjer Barnas Turlag Kvinnherad å arrangera KOM DEG UT DAG, sundag 4.september kl. 1300. I år vert arrangementet halde i Uskedalen, nærare bestemt med tur til Flåtene i Eikedalen.
Eikedalen er eit idyllisk dalføre mellom Englafjell og Manen. Det er 2 mulige innfallsvegar inn til Eikedalen. Deltakarane kan kjøra opp til Eik og parkera ved vassverket som ligg ved inngangen til Eikedalen. Derfrå er det ein lett tur som går på sti i ca. 1,5 km.
det er også mogeleg å gå ein annan veg. Den går frå Bakehuset til Elins Matgleder. Deretter er det om lag 2,5 km på traktorveg før ein er framme på Flåtene.
Arrangørane melder at dersom det vert manko på parkeringsplassar, er det òg mulighet å setja bilen enten på Eikelandet eller ved Grano i Uskedalen.

Flåtene ligg vakkert til ytst i Eikedalen, og området rundt gapahuken er ypperleg eigna for aktivitetar for barn.

Det vert sett opp turbo quiz på begge stiane med totalt 10 spørsmål. Fint om deltakarar tek med seg penn/blyant til å besvara oppgåvene. Det vert trekning av 1 gåvekort på Sport 1 Husnes for dei som leverer inn svarskjema.

Inne på Flåtene har Barnas Turlag gjort klar for grilling, og dei spanderer 1 pølse på kvar person.

Inne på Flåtene er det eit flott område som eignar seg godt for aktivitetar for borna. Dette blir det lagt opp til. Det er fint om barn og vaksne tek med seg spikkeknivar og sitjeunderlag.

Vi ynskjer dykk velkomne til KOM DEG UT DAG i Uskedalen, helsar Siv Framnes, Kjellrun Eik og Silje Øye som er ansvarlege for arrangementet.

Tekst: Siv Framnes/Thor Inge Døssland
Foto: Hilde Fjermestad Aase og Thor Inge Døssland
Nett: Thor Inge Døssland