Fredag 19.april skjer det igjen. Husnes Jazzklubb og Kvinnherad mållag arrangerer i lag i Dønhaugkjdllaren. Det blir jazz og poesi i god forening. Begge deler på dialekt. Diktopplesinga vil Mona Vetrhus og Arne Torget stå for. Etter det blir det Chet Baker på norsk, med gruppa Baker Hansen.

Dei skriv dette om seg sjølv: Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertar fulle av kollektivt liv og leik i eit velspelande ensemble blir til øyreopnande opplevingar for publikum. Me set stor pris på om du kjem!

Mållaget og jazzklubben har hatt velukka arrangement før. Dørene opnar kl. 19.30. Innslag med Mona Vetrhus og Arne Torget frå kl. 20.00. Jazz frå kl. 21.00. Litt å bita i vert det også.

Tekst/foto: Presseskriv
Nett: Kistian Bringedal