Badstova vert mellombels flytta til Rabben Camping.
Frå fredag 17. januar finn du badstova på Rabben Camping som ein mellombels lokasjon. Morten Eidsvik skriv på Facebook at han ser fram til av badstova snart vil vera tilbake på Sandakaien. Inntil vidare vert alle invitert til å bruka badstova plassert på campingsplassen.
Positive svar på nyleg gjennomført spørsjeundersøking er avgjerande for at Morten vil halda fram med eit flott badstovetilbod i Uskedalen. Opningstidene vert utvida både morgon og kveld. Badstova skal vera klar for bruk frå i morgon ettermiddag, perfekt for deg som berre vil møta opp og nyta varmen utan stress.
Les meir på Facebook ( Badstua i Uskedalen ) om opningstider og om kva tid bastova er oppvarma. Likeins kva tid/dagar du kan fyra sjølv.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal