Både feriefolk og bygdafolk på Kafè Tiaren.
Utestova på Spar eit godt alternativ når ein vil slappa av med noko godt.
Tysdag var det bra besøk på Kafè Tiaren i Gamleskulen. Den faste gjengen med bygdafolk var sjølvsagt på plass, og i tillegg var det både ferierande uskedelingar og tilreisande. Det er kjekt at også nokre tilreisande oppdagar dette gode og rimelege kafètilbodet. Kanskje burde det vore skilt i krysset til hovudvegen slik det var for nokre år sidan?
På Kafè Tiaren kunne ein denne tysdagen nyta gode rundtykke med variert og smakfullt pålegg i tillegg til fyrstekake og vafler til kaffien. Om nokon ønskte saft, kunne dei få det og. Denne tystagen var det trioen Møyfrid Kristoffersen, Bente Brath Nævdal og Gunnbjørg S. Eik som styrte kafèen.
For tilreisande nemner eg dei rimelege prisane. Gode rundstykke, kaker og vafler kostar 20 kroner medan kaffi og saft er 10 kroner. Påfyll får vi til 5 kroner. Den dugnadsdrivne kafèen er open tysdagar kl.11 – 14.

Det er ikkje opne matserveringsstader i Uskedalen dei andre dagane, men då er den nye utestova på Spar eit særs godt alternativ. I butikken har dei eit særdeles godt utval i både varmmat og bakevarer. I tillegg har dei jo både slush, is og andre godsaker. På toppen av dette spanderer butikken gratis kaffi på kundane. Derfor ligg det svært godt til rette for å ta “eit pust i bakken” der både for tilreisande og bygdefolk.
Begge stader pleier det å bli både god drøs og kjekke stunder.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland