Avviste klagen mot 8 røyster.
Kvinnherad kommunestyre avviste klagen om ny høyring av Detaljregulering for Børnes Næringsområde. Matthias Zimmermann ( bilete ) frå MIljøpartiet framja på nytt sitt framlegg frå tidlegare behandling om å ta klagen til fylgje. Han oppmoda til “hensiktsmessige tilføynigar” og at planen vert sendt på ny høyring. Framlegget fekk 8 røyster. Dei som røysta for ny høyring, var representantar frå Miljøpartiet, KrF, FrP og SV. Innstillinga frå kommunedirektøren om å avvisa klagen vart med dette vedteken.
Tekst/net: Kristian Bringedal Foto: Morten Nygård - Grenda