Avventar oppstart av Kafe Tiaren.
Mange saknar Kafe Tiaren og spør kva tid det vert oppstart etter lang tid med nedstenging. Kafeen i Gamleskulen i regi av Uskedal Utvikling har vore eit fast tilbod på dagtid, kvar tysdag frå kl. 11.00 til kl. 14.00. I ein periode i koronatida hadde Uskedal helselag eit tilsvarande tilbod, men med klare restriksjonar. Berit Harriet Døssland fortel at ein avventar oppstart til ein veit meir om smittesituasjonen. Ei løysing kan vera å starta opp slik det var på Koronakafeen.
Dessutan er det slik at dersom ein skal få til ei varig drift, må det få inn fleire frivillige på lista. Nokre har slutta, andre har bedd om fritak. Det må vera to personar i sving kvar gong. Som eit frivillig tiltak, må ikkje turnusen bli for stram.
Med andre ord: Kafe Tiaren treng hjelparar. Dersom du er ein av dei, ta kontakt med Berit H. Døssland på mobil: 913 07 385.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto v/ Thor Inge Døssland