Kvinnherad Senioruniversitet avsluttar vårprogrammet med eit møte med Trond-Viggo Torgesen og kona Kristin Helle-Valle. Framsyninga er i samarbeid med Baroniet Rosendal og er lagt til Riddersalen.

I samtaleføredraget Resten av livet snakkar Trond-Viggo og kona Kristin inspirerande og muntert om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonisttilværet – ein fase som kan vere både frigjerande og forvirrande. Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men òg identitetsendringar, nye roller og endringar i relasjonar.

Inngang: kr. 250/500 (m/ lunsj)

Billettar kjøper du på Baroniet.no

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal