Lurt å vera rask med påmelding.

Det er eit særdeles spennande program som blir presentert når nyskapinga “Avbrekk” går av stabelen på Dønhaug fredag 25. august!
– I utgangspunktet var “Avbrekk” tenkt til å gå over to dagar, men vi har fått ein del tilbakemeldingar på at interesserte er usikre på kva dag dei skal velja. Derfor har vi gjort det om til eit eindags arrangement, der vi samlar dei beste programinnslaga og føredraga på fredagen. Dermed ligg det an til ein knakande god dag i staden for to halvfulle dagar, seier ein av arrangørane, Morten Nilsen, då han var ein kjapp tur innom Uskedalen tirsdag. På bildet over ser vi Morten Nilsen viser fram plakaten med det spennande innhaldet. Nilsen står for arrangementet saman med Lisbeth Spies.

Det blir ein avslappande og inspirerande dag på vakre Dønhaug 25. august(Frå nettsida avbrekk.no).

Dagen burde vera ein flott mulighet for ein pust i bakken og samtidig tid for inspirerande påfyll.
– Dette er eit tilbod til alle, både privatpersonar og ikkje minst bedriftsleiarar med personalansvar. Her er ein flott mulighet for dei å gje bedriftene sine tilsette eit avbrekk, seier Morten Nilsen vidare.
Han fortel at dagen startar med bevegelse og avspenning for dei som ønskjer det. Det kan vera fellestur, joggetur eller yoga.
Utover dagen får ein høyra fire svært inspirerande føredragshaldarar.
– Vi har flytta dei beste over til fredagen, og dei fortel sine inspirerande historier, seier Morten om dei fire

Atle Vårvik, kjend som iniativstakar og frontfigur i MOT, med føredraget “Motets kraft” med undertittel “DUNDRE PÅ – med pågangsmot, relasjonsmot og gjennomføringsmot”.

Sigrun Vårvik, også kjend frå MOT, med “Blomstrende medarbeiderskap” – “Skap blomstrende omgivelser – som leder og medarbeider, mamma, pappa, bror, søster eller venn”. Atle og Sigrun Vårvik vil også komma inn på korleis ein kan kombinera familieliv med ein svært travel arbeidskvardag.

Fredrik Huth Jensen, kjend frå sine eventyrlege turar, den siste der han på 60 dagar gjekk åleine frå Georgia til Asarbasjan. “Frihet på tur” – med undertittel “in the path of life, freedom is everything”.

Aina Thunem, kjend frå gode føredrag m.a. om kommunikasjon og motivasjon, med føredraget “Hopp før du tør!” med undertittel “Du er nok helt enkelt mer enn nok”.

Innimellom føredraga og dei andre programpostane utover dagen vil Arne Torget vera til stades, kvessa pennen og gleda deltakarane med opplesing av treffande lyriske og stemningskapande poeng.

Kveldsprogrammet startar kl.19 med ein velsmakande og berekaftig middag på Dønhauglåven. “Avbrekk” har nemleg engasjert landslagskokk Tore Stahlsberg. Der kan gjestene velgja mellom tre alternativ, fisk, kylling og kjøtt i tillegg til dessert.
I starten på måltidet vil også den Uskedalsbusette søringen Anders Kråkevik, kjend frå TV-serien “Søringen og samen” visa film og fortelja frå sine opplevingar. Under middagen vil det også vera roleg og fint tilpassa musikk. Alex Harrys syt for det. Kvelden blir avslutta med låvedans. Før det, kan dei som ønskjer det delta på sidersmaking kl.20.30 med Nils Lekve frå “Hardanger Saft og Siderfabrikk”. Billettar til dette må bestillast særskilt. Når det gjeld billettar elles, kan ein velja mellom å kjøpa Dagpakke, Kveldspakke eller Full Pakke (Dagpakke+Kveldspakke). Billettar og meir informasjon finn vi på avbrekk.no.

“Avbrekk” har svært mykje spennande på plakaten!

For tilreisande har arrangørane reservert rom på Rabben Feriesenter, Solheim Turiststasjon i Uskedalen og Rosendal Fjordhotel og Rosendal Motel.

Det er klargjort for ein særs inspirerande og spennande dag på Dønhaug. Dette må det vera fint å nytta seg av både av bedrifter og privatpersonar før vi tar fatt på den verkelege hausten!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland