I natt har det vore ei ulukke i Kleivadalssvingen. Ein bil på veg mot Uskedalen har køyrt i autovernet og fire stolpar er knekte. Hendinga er meldt til Vegvesenet og skaden må utbetrast. Så langt uskedalen.no kjenner til er ikkje ulukka meldt frå om til Politiet. Det vart iverksett bilberging kring kl. 05.00 i dag tidleg.

Atle Hauge er ein av dei som bur i område under vegen. Han høyrde ikkje noko i natt, men oppdaga skaden i dag tidleg. Før autovernet kom på plass var det mange utforkøyringar i Kleivadalssvingen der bilane enda ned i hagane og tett på husa. Autovernet har hindra mange ulukker med alvorlege fylgjer.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal