Audun Eik tok attval som leiar i Kvinnherad Sogelag. Med seg i styret har han: Borgny Særstein ( nestleiar ), Magrunn Malmanger ( kasserar ), Lars Jostein Rørvik ( skrivar ). Styremedlemer: Rita Martens Meyer, Frode Sæbø og Egil Vaage. Varamedlemer: Astrid Haugse, Frøydis Fjellhaugen og Cort Holtermann. ( Sjå bilete ). Frode Sæbø er også frå Uskedalen. Alle i styret og i valnemnda vart valde på nytt. Kvinnherad Sogelag har over 200 medlemer, økonomien er god i laget. Frammøte på årsmøte i Grendahuset i Herøysundet var betre enn det som er valeg på årsmøte for tida.

Hermund Fenne hadde eit lokalhistorisk innlegg om Bringedalsbygda gjennom tidene.

Hermund Fenne hadde innlegg om busetnad, gardshistorie, folketalsutvikling og stadnamn i Bringedalsbygda frå eldre tid til i dag. Bakgrunnen og kjeldene hans er Tor Bringedal sine bygdebøker, særleg den siste Frå Bringedalsbygda til Herøysund. Fenne er fagmann på stadnamn og elles god på formidling. Det var ei interessann og lærerik økt.

Knut E. Skåla sa fram ei helsing og fortalde levande om det å vera lærar i bygda. Han la særleg vekt på tida i gamleskulen på Tveit før nyeskulen kom til nede i bygda, vigsla i 1970. Skuleminne er noko som fengjer. Det var gode kommentarar frå frammøtte i salen. Knut E. Skåla har lang tenestetid som lærar både på den gamle og den nye skulen.

Knut E. Skåla, fortalde levande om tida si som lærar i Bringedalsbygda, særelg frå tida på gamleskulen på Tveit.

Kvinnherad Spelamannslag sytte for underhaldning. Betasuppe, levert frå Husnestunet, smakte godt.

Kvinnherad Spelemannslag stod for gilde musikalske innslag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal