Astrid Døssland frå Uskedalen var saman med Annemor Ekeland på TV Haugaland i dag. Dei representerer Nei til vindkraft i Kvinnherad på den store to dagars Motvindfestivalen i Haugesund. På Rådhusplassen har dei rigga seg til med stand og scene for appellar, innlegg og kulturelle innslag.

Astrid Døssland fortalde at ho har hatt arbeidet sitt i Bergen, men at ho kjem frå Uskedalen og at ho har eit sterkt engasjement for framtida i Kvinnherad og i heimbygda Uskedalen. Oppropet er: Ja til naturen- nei til vindkraft. Lokalt gjeld det Nei til vindkraft i Tysvær. Astrid er med i mobiliseringa lokalt og på nasjonalt nivå mot eksisterande og framtidig utbygging av vindkraftturbinar.

Motvindfestivalen har sine markeringar vegg i vegg med Haugesundkonferansen, eit seminar der dei store næringsaktørane er samla.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermbilete TV Haugaland