Åsmund Lilleaas ( 39 ) er den neste frå Uskedalen i rekkja av leiarar innan maritim næring. Nyleg skreiv uskedalen.no om Sveinung Pile, dagleg leiar i Flexbrigth, ei verksemd som utviklar og sel komplette bruløysingar for navigasjon, operasjon og kontroll. Åsmund Lilleaas er salssjef i det nystarta Nordic Fender AS som har kontoret sitt på Bogsnes. Bak begge selskapa finn vi investeringsselskapet Fonna Vekst AS med Styrk Bekkenes som styrleleiar. Alf Eidsvik, også frå Uskedalen, er styremedlem.

Åsmund Lilleaas har lang erfaring innan maritim næring. Han har jobba med fenderar sidan 2010 og kjenner såleis produktet og marknaden godt. Operasjonen vert å selja moderne fenderar til store skip som lossar og lastar olje til andre skip. Ein fender er eit oljeprodukt som vert laga etter ein spesifikk ISO standard. Ein fender har til vanleg ei levetid på 15 år, med rett vedlikehald. Dei største veg nær på 13 tonn og det er store krefter i sving ved oveføring av last mellom store skip.

Kvalitet, service, transport og rett leveringstid er nøkkelord for å lukkast. For å vera nær kundane vert det etablert kontor på strategiske lokalsjonar i utlandet.

Tekst/foto: Henta og redigert frå pressemelding
Nett: Kristian Bringedal