Fem menn frå Kvinnherad Asfalt har i denne veka vore i arbeid med asfaltering for Uskedal Båtlag i båthamna. Arealet er om lag 1 dekar og det går med rundt rekna 120 tonn asfalt. Dagleg leiar i Kvinnherad Asfalt, Sindre Stensletten reknar med å vera ferdig med jobben i dag, torsdag 8. juni. Det skal lagast ein fartshump ved huset der Endre Nilsen bur. Heile arbeidet tek 3 dagar. Det er ofte slik at når ein kjem på plassen ynskjer kunden meir arbeid gjort. I båthamna var det dessutan ein del førebuande arbeid med oppretting, planering og klargjering før asfaltlegginga.





Arealet er om lag 1000 rutemeter og det går med 120 tonn asfalt.

Det neste oppdraget for Kvinnherad Asfalt er Erslandmarka der ein mellom anna skal leggja asfalt i rulleskiløypene. Asfaltfirma er leigd inn av Musland Maskin, som er hovudentreprenør, for å gjera denne jobben.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal