Uskedal Friluftslag har hatt årsmøte og konstituerande styremøte. Nye styremedlemr er Åse Neset Mykelbust og Helge Nævdal. Med i styret elles er: Kristian Bringedal ( leiar ), Audun Eik ( nestleiar ), Jofrid Eik ( kasserar ), Einar Gjertsen ( styremedlem ) og Tormod Myklebust ( varamedlem ). Friluftslaget kan syna til høg aktivitet og mange løyste oppgåver i 2021. Drifta i det nye året held fram med ferdigstilling av to store prosjekt: Turvegane i Skårhaug og Renovering av møterom/arkivrom. Bilete: Tormod Myklebust og Audun Eik var ikkje med då bilete vart teke.

Det var godt frammøte på årsmøte i Uskedal Friluftslag.

Det er utført eit stort og omfattande arbeid med møterommet. Aufun Eik og Ove Magne Myhre er ansvarlege for prosjektering og gjennomføring. Ei rekkje personar har møtt fram på dugnad, også med frivillige frå Dugnadsgruppa. Parkeringsplassen er utvida.

Uteområde er rydda og det er hogge skog i traseen der turvegen ligg. Del 1 av turvegprosjektet er ferdig. Del 2 er rekna å vera ferdig i dette året, så sant det føreligg finansiering.

Møterommet er mykje brukt både til faste og meir tilfeldige brukarar. Faste brukarar har avtale om årsleige og dermed tilgang til plassen så ofte ein vil og har trong for møte- og øvingsrom.

Frå arbeidet med å reingjera platningen ved Gapahuken på Skårhaug.

Styret er godt nøgd med arbeidet og bruken i 2021. Ein mottek gode tilbakemeldingar om korleis Friluftslaget vert drive og tek hans om plassen. Styret takkar alle for god støtte og vonar at den gode trenden held fram.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Audun Eik